NY LEIAR I FERDA
Per Martin Fosmark er tilsett som ny leiar av Ferda, etter at Gunn Aase Moldestad har fått permisjon til februar 2011.
Fosmark er siviløkonom med fordjupning i marknadsføring og internasjonalisering. Han har vore ansvarleg for fleire prosjekt, mellom anna Friluftslivets år i 2005. Fosmark startar i halv stilling frå 6. april og vil bli i full stilling frå midten av juni. Han blir å treffe på e- post: per.martin.fosmark@ferda.no
Ferda ønskjer han velkomen!
REISELIVSKONFERANSEN FJORDANE UNDER BREEN
DATO: 4. - 5. februar 2010
Konferansen er no over. Vi takkar alle som deltok og håpar de hadde eit fint opphald i Balestrand. Dei fleste presentasjonane av foredraga finn de no her.
Innlandsfiskesatsing i Sogn og Fjordane
Det 5-årige utviklingsprogrammet for innlandsfiske i Sogn og Fjordane 2008 - 2012 er kome godt i gang. Les meir om status for prosjektet her. Breimsvatnet, Jølstervatnet, Osen Vestre Hyen og store deler av Gaulavassdraget er dei prioriterte områda i dette prosjektet.
Prosjektet er ei nasjonal satsing gjennom Landbruks- og matdepartementet (LMD). Målet er å utvikle næringsklynger i 
utvalde områder for å få meir lønnsame turistfiske tilbod for
både ein norsk og utanlandsk marknad. Eit av fleire
tiltak for å nå dette målet er sal av fiskekort via SMS.
Du kan no kjøpe fiskekort via SMS for fiske i Jølstravatnet (Jølster kommune), Haukedalsvatnet (Førde kommune), Hestadfjorden (Gaular kommune) og deler av Osen Vestre Hyen vassdraget (Flora og Gloppe kommune). Sjå korleis dette fungerer her. Fleire tilbydarar kjem. Følg med!
Auka satsing på opplevingsturisme 
og utmarksforvaltning
Som ein følgje av tettare samarbeid med Vestskog BA er Ferda etablert. Ferda er kompetansesenter for småskala reiseliv og har fire tilsette med kontorstad Førde.
Fagområda våre er m.a.
- utviklingsprosessar ved etablering av bedrifter innanfor
opplevingsturisme
- prosjektleiing
- marknadsvurdering og marknadsretta produktutvikling
- etablering av næringsklynger
- internasjonal marknadsføring og sal av reiselivsprodukt
- e-handel
- utmarksforvaltning
Følg med!
Nettstaden er svært populær. Statistikken viser at mange Googlar og trafikken kjem frå Norge, Storbrittania, USA, Sverige og Tyskland.
Nettstaden har også domena www.holidays-norway.com og www.aktive-urlaub-norwegen.de.
Sjå www.naturogferie.no